lørdag 1. februar 2014

Navionics Sonarcharts

Navionics har komt med eit tilleggssfunksjon som ein kan sjå med Nav+ og Platinum kartene.

Eg har ikkje så langt kjøpt desse kartene, men ein kan sjå desse karta på Navionics heimesida om ein går inn på webApp.

Navionics sonarcharts har ein liknende funksjon som ein kan finne på Bluechart sine "fiskekart".
Med dette vil ein få mange fleire djupnekurver noko som gjer det lettere og lese bunnstukturen.
Dette er eit nyttig ting for oss som liker og fiske, men kan til tider vere litt distraherende om ein skal bruke karte og styre båten etter.
Heldigvis er dette ein funksjon ein skrur på og av med eit tastetrykk.

Det norske kartverket sine kart blir brukt som utgangspunkt til alle kartleverandørene når dei lager sjøkart.
Her har eg lagt merke til at kartverket bruker to måter og skrive djupne infoen på.
Det eine er eks står det kun 55 som beskriver at her er det 55meter djupne, og den andre måten står det 55MT på kartet som også beskriver djupnen.
MT benevnelsene blir ofte brukt på grynnere områder, uten at eg veit heilt kvifor.

Ut frå kva eg har sett tidligere på Navionics kartene er at dei har problemer med og konvertere desse djupnestikka med MT ending.
 Dette problemet ser ut til at dei nermast har fått luka ut på det siste oppdateringen på Gold versjonen eg har sett, men det kom klart fram på webappen om ein skrur på sonarchartet.

Her legger eg inn ein samanligning fra eit utsnitt fra kartet over Tennfjorden.







Eg satte på raude ringer der desse to djupnestikka er med MTènding, og her ser ein at sonachart djupnelinjene har utelatt desse djupnestikka.
Dermed ser det ut som det er djupere på kartet en det egentlig er om ei kikker på djupnekurvene.


På denne samanligningen så ser ein også at ein 10MT blir omtrent gøymt i 20meters kurven.


Eg har stor trua på Sonarcharts og at dette vil vere svært nyttig hjelpemiddel, men håper dei får løyst problemet med desse djupnestikka med MT ending.