mandag 4. mars 2013

Ny sveiv til Shimano TLD20

Shimano TLD snellene er vel ein av dei mest populære havfiske snellene her til lands, men den gode snellen kan gjerast frå god til mykje betre med enkle inngrep.

At snellene erså populære kjem vel av at dei er ein forholdsvis billig, er meget lette i forhold til størrelsen og har jamn og god brems, men til havfiske er sveiven noko kort og liten.

Heldigvis er større sveiver å få i handelen, og ein rask sjekk på e-bay og eit par tastetrykk var ein større sveiv på veg i posten.


                          Her ser ein forskjellen mellom den orginale og den nye sveiven.


Orginalsveiven på TLD snella:







Oppgraderingen var virkelig verdt pengene og med ny sveiv på denne snella vart det ein skikkelig vinsj.


              Prøvetur med "ny"snella ein fin februar dag her på sunnmøre

mandag 25. februar 2013

Sjøkart, C-map vs Navionics vs Bluechart

(Første del av innlegget er fra tidlig 2012, men no med oppdatert info nederst på siden)
Kartplottere er idag vorte vanligt og finne på mindre båter, og er utulig godt hjelpemiddel til og navigertrygt på sjøen.
Med ein slik skjærgård som vi har her på sunnmøre er det nesten eit must med plotter for og navigere trygt på dei værste områda.

Det kjem til stadigheit tester av kartplottere i båtblad, og her er ofte Navionics baserte kartmaskiner som kjem øvst på testlista.
Eg synest det er svært merkligt at ingen har nemnt noko i testene om forskjellane i kartrikkene.
Det er mest fokus på alt mikk-makk funksjoner som folk ikkje har bruk for, og ingen fokus på det som er viktigast nemlig kartmatrealet.
Desverre går det kun an og bruke Navionics kart på dei fleste store kartplotter merker.
Dette er merker som Lowrance, Simrad og Raymarine.
Kvifor dei velger Navionics som kartmatreale finner eg undrende i, men det er meget mulig at heimlande til desse plotterene er Navionics betre en c-map.

Garmin er og gode plottere og bruker Bluechart som bakgrunnskart, og desse har eg ganske lite erfaring med.
Men ut frå det eg har sett i butikken har kartene ofte ikkje rett staving på stedsnamnene, og mangler ÆØÅ.


Eg nemnte det til telefonsamtale ej hadde med ein stor båtbutikk at eg sterkt foretrekker c-map istaden for Navionics, og selgaren var heilt enig men dei hadde ikkje lov og seie det til kundane.


Eg kjøpte tidlig ein 7" Interphase kartplotter som bruker c-map som bakgrunnskart.
På det tidspunktet hadde eg lite kunnskap med dei  forskjellige plottermerka, og det var mest med tanke på pris eg valgte denne plotteren.

Noko seinare trengte min far ein kartplotter til sin nye båt, og på grunn av mykje positive omtaler i tester og media valgte han og gå for ein Lowrance HDS-10.
Denne Lowrance plotteren bruker Navionics kart som bakgrunnskart.
Eg likte godt Lowrance plotteren, men etter kvart som eg fikk meir brukererfaringer med denne fikk eg sett at det var store mangler i kartmatrealet.

Det er forskjellen mellom C-map og Navionics kartene eg ønsker og sjå litt nærmare på no.

Idag fikk eg knipsa nokre skjermbilder med min mobiltelefon for og kunne illustrere denne forskjellen.

Det må nemnast at eg har stilt på max tilgjengelig info på Lowrance maskinen og ein får ikkje opp noko meir info om ein zoomer  meir.

Skjølv om båtane som eg bruker ikkje trenger meir en ca 0.5m vatn for flyte, kan det vere skummelt og gå over djupere grunner ute i havet da desse har ein tendens til og bryte når havbåra blir blir stor.
Eg synset derfor det er viktig og vite om grunnen er 1m djup eller 10m.

Her er først eit bilde fra Lowrance med Navionics kartbrikke. Legg merke til alle grunnene til høgre som ikkje står djupnen på.

Her er omtrent samme utsnittet på Interphase plotteren med c-map kartrikke.


Her er eit til samanligning til i samme område.
Først Lowrance:


                                        Meir inn-zooma på samme området:

                                  Så kjem Interphase kartplotteren med C-map:

Ein annen fordel med C-map for vi som liker og fiske er at kartet har på mange plasser info om kva botntype det er.
Om det er mudder, sand, skjelsand, berg, stein eller liknande.
Denne infoen finner du ikkje på Navionics sine kart.

Oppdatering 25.2.2013

Ej kom over ein Garmin plotter på ei båtmesse og fikk tatt nokre bilder av Garmin bluechart i samme område som eg har lagt ut av C-map og Navionics.

                                                Garmin bilder:



Ut fra kva eg har fått samanlignet er garminkartene mykje betre en Navionics kartene og godt på høgde med C-map.
Kva ein velger av C-map eller Bluechart vil bli ein smaksak, eller eit valg kva plotter ein vil gå for.

Ein utulig gledelig overaskelse kom no tidlig i 2013 om at der vil komme C-map kart for Lowrance og Simrad plotterene.
Rekner med når C-map brikkene kjem for salg til desse plotterene så vil det bli ein del Navionics brikker på billigsalg.
Og dei Navionics brikkene blir da null verdt i mine auge.

Ein merknad eg har også sett med navionics kartene er at alle loddskudd blir vist som skvalpeskjær, dette gjer ikkje trygg navigering noko enklere for og seie det slik....