I starten var det kveiteline vi brukte, og til tross for liten erfaring fikk vi ei og annen kveita.
Kveite line fiske krevde mykje forberedelser, det gjekk mykje agn og ein ofte måtte vere fleire for og drage line, styre båt og hjelpe til med klepping.
Det kunne vere langt mellom kveitene og mykje line som måtte dragast, noko som til tider var tungt og stressende arbeid.
Eit bilde som viser når vi drog lina, eg styrte båten mens bror og min far drog lina.
Eit vakkert syn var det når vi såg kveita komme opp i overflaten.
Gleden var selfølgelig stor når der kom ein linekrok med kveite som var fast.
På bedre dager kunne resultatet bli slik:
Med kveitline kunne ein oppleve til tider at ein fikk mykje bifangst som hå, skate og brosme, noko var irriterende når det var kveite ein ville ha.
Men i 2008 skjedde det ein forandring.
Med mine besteforeldre fikk eg ei havfiskestang til 30års gåve eit halvt år på forskudd.
Dette var ei Shimano antares 12-20 havfiskestang og ein Shimano TLD20 snelle.
Det klødde etter og få komme sej ut på havet og få prøve denne nye stanga.
Ein MEGET fin mai dag tok eg og min far Nordwesten ut på havet for og prøve og fiske kveite med stang.
Dette skulle vise sej og vere ein lykkedag, for etter eit par minutt fisking skjedde dette:
Lykken var stor når det viste seg og vere ein kveite på kroken:
Når vi gjekk inn igjen den fine mai dagen hadde vi 3 kveiter ombord.
For min del var dette eit vendepunkt i fiskeriet, da fisking med stang var mykje meir spennende og utfordrande en med line.
I seinare tid har vi sett at fiske med stang kan til tider vere vel så effektivt som line og.
Det vart ikkje så mange turane vi fikk til og resultatene var ofte dårlige.
Men hausten 2008 bestemte eg meg for og kjøpe min egen båt.
Båten var ein Buster xxl 19fot med Yamaha 100HK utenbordsmotor på.
1.mai 2009 tok eg om min far ein tur ut i havet for og prøve etter kveiten.
Denne gangen sette vi først kveiteline for så og fiske etter kveita med stang mens vi ventet på at kveitelina skulle stå og fiske.
Etter eit par minutt fisking fikk eg på ei kveite, men mistet den.
Men det gjekk ikkje mange sekunda før min far fikk den på igjen, og denne gangen vart den med opp:
Dette var den første kveita ombord i denne båten (iallefall med meg som eigar).
Denne kveita var 13kg og den kjempet ein skikkelig kamp før den kom ombord, noko som virkelig ga meirsmak til dette fiskeriet.
Det skal og seiast av vi fikk mange kveiter på lina denne dagen, men den største fikk vi med fiske stangen.
Etter kvart var det eit par Brattvågere som også var intresert i dette fiskeriet, og dei fikk bli med ut ein haustdag.
Dette ga tydlig vis meirsmak og det vart mange turer framover.
Vi fikk ikkje så mange kveiter i starten, men det vart nok til og halde oppe motivasjonen.
Her er Rune ein haustdag 2010:
Tidlig 2011 bjønd resultatene og tak seg opp, og vi hadde funne fleire gode fiskeplasser.
Her er ein film der Rune drar opp ei kveite på 16kg:
I påsken fikk vi mykje fint fiskevær og vi fikk mange fine turer på sjøen.
Vi kom i kontakt med nokre "søringa" som var også intresert i kveitefiske som vart med nokre av turene ut saman med oss i egen båt.
Ein morgån gjekk vi konvoi ut på fiskefeltet.
Oss gjekk som førstebåt, Erling og co med sin Buster magnum og bakerst i konvoien kom Kjell Magne:
Det høyrer med i historia at denne morgen startet med forsinket utreise på grunn av skodde, og labert fiske på nokre nye plasser vi testet ut.
Men etter kvart som vi fikk fisket over nokre nye områder begynte kveitene og bite på.
Her er Christian som viser fram ei kveite han nettopp har landet.
Heile dagen toppa med at både eg og Christian fikk på kveite samtidig, og vi fikk ombord begge to. Ein blir litt skjelven etter noko slikt....
Etter kvart fann vi områder som huset litt større kveiter.
Her var ein eg fikk på ca 19kg
Før dagen var omme såg båten slik ut....
Ikkje mange dagene etter var det Christian som persa med kveite på 27kg.
Endelig fikk vi ei kveite av litt større kaliber, og det ga nytt håp om at det finnest enda større og få i området.
Her er Christian med kveita:
Kveita til Christian med meg som fisker i bakgrunnen.
Christian har ofte med seg godt fotoutstyr ombord og har tatt mange av desse bildene.
Stor takk for desse bildene.
Det er utulig kjekt og ha bilder og film fra turene våre der ein kan sjå og drøyme om i ettertid når vinterstormane herjer og ein sitter og fantaserer om nye fisketurer.
Ofte kan ein oppleve at får ein på kveite så er det stor sjanse at fleire bit på kroken hos dei andre fiskerene.
Dette har vist sej mange ganger, og dermed blir ofte bilde og film taking nedprioritet.
Eg går dermed og vurderer i anskaffelse av eit go-pro kamera som tar opp film og bilder i HD.
Dette kamera kan ein feste opp med sugekopp mot ei glatt flate etter montere det på haude som ein hodelykt.
Den er utstyrt med vidvinkel og kan filme med over 170graders vidvinkel, noko som gjer at ein får med det meste framføre kameraet sjølv om dette er montert fast.
Med eit slikt kamera kan da fiske og filme samtidig utan at det i stor grad går på bekostning av fiskeriet.
Eit slikt kamera står på ønskelista 2012.
Og ha med godt mannskap ombord i båten synest eg er svært viktigt på desse turane.
Dette gir godt selskap når det går mange timer mellom kveitehugga, og er ein ekstra tryggheit når ein er så langt frå land om noko skulle skje.
Ofte reiser vi 15-20nautiske mil ut på fiskeplassane, og dette medfører høge drivstoffutgifter, det er da også kjekt og ha fleire og dele utgiftene på slik at denne hobbyen ikkje går for hardt ut over familieøkonomien.
Godt humør og meget god tolmodigheit er dei viktigaste egenskapane ein trenger som kveitefisker.
Å ligge og rulle uti havet i ein liten båt, ei 10-12timer utan kanskje og få noko som helst kan tolmodigheit vere godt og tak med på tur, men med litt erfaring så veit an at før eller sidan så blir go tolmodigheit belønnet.
Forsettelse følger....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar