Lager desse hempene av 1.3mm og 2mm syrefast tigtråd.
Lager forskjellige versjoner av desse hempene, og er enno ikkje sikker på kven av dei eg foretrekker, men den med nøkkelhull fasong i det nedre øye er vanskligast og få til skikkelig.
Den enklaste versjonen er nok den med rett øye til høgre på dette bilde:
Men den varianten til venstre er og grei og lage og tenkte eg skulle vise framgangsmåten korleis eg lager denne. Framgangsmåten er omtrent sammeleis på den rette varianten.
Først klipp av ein bit med 25cm med ståltråd.
Bend så tråden vel 10cm frå kanten ca 70-80grader.
Til denne bøyinga er denne tangen med runde kjefter som eg kjøpte på jula genial:
Deretter bender du ein kontrabøy på ca 270grader.
Bøy så ut eine tråden i frå løkka slik som du ser bli gjort på dei følgene bilder.
Dette er for å få nok opning på løkken.
Har eit 10cm langt 6mm hydraulikk rør som eg trer ned på tråden, dette blir brukt til og surre korkeskruen rundt.
Srur øye fast i skrustikka og holder røret fast mens eg roterer strengen rundt med hjelp av ein avbitertang.
Når ein spinner rundt strengen velger ein også stigningen på fjøra, men stigningen kan justerast til etter at arbeidet er gjort.
Ein bruker da eit flattjern og knipetang til og fintrimme stigningen.
Etter spinningen er gjort fjærner ein det 6mm røret og klipper av biten som var igjen etter spinningen.
No er det klart for og bøye det øvre øye på hempen.
Og ein må nå velge om du ønsker og ha innpå ein svivel eller du ønsker hempen utan svivel.
Til kveite jigger liker eg og bruke bruke kroksrue hempen utan svivel, for eg monterer svivelen mellom monon og multien, og da er det unødvendig med svivel også på hempen.
Monterer øyet i skrustika og bruk ei avbitertang og snurr tråden rundt nesten 3 omdreininger.
her er det viktigt at du legger press med tråden mot øyet slik at der ikkje blir glis mellom vindingane.
Når du har fått nesten 3 omrdreininger rundt så klipper du av resten av tråden med ein avbitertang.
Den lisje biten som stikker ut etter at du har klipt av bender du inn med ei tang med glatte kjefter.
Legger med eit bilde som viser framgangsmåten om du monterer med svivel inne på øyen.
Dette viser ein 1.3mm variant.
Eit lite tips til slutt er og prøve og unngå meir bøyinger på matrealet en nødvendig.
Det er lett i starten at ein gjer ein del bøyefeil, og mitt tips er om ein må korrigere mykje bøyene så bør du vrake emnet og starte på nytt.